Hardanger Energi Breiband AS er behandlingsansvarleg for handsaminga av personopplysningane dine på denne nettstaden. Har du spørsmål om dette eller om dei rettane du har, finn du kontaktinformasjonen vår her:
Hardanger Energi Breiband AS
Postboks 33, 5782 Kinsarvik
Organisasjonsnummer: 982894816
E-post:
Personopplysningar er informasjon som åleine eller saman med andre opplysningar kan nyttast til å identifisera, lokalisera eller kontakta ein person. Døme på personopplysningar er namn, telefonnummer og IP-adresse. Handsaming av personopplysningar omfattar alle former for handsaming av personopplysningar, som innsamling, analyse, registrering og lagring. Behandlingsansvarleg er den som bestemmer føremålet med handsaminga av personopplysningar og kva opplysningar det vert bede om. Det er behandlingsansvarleg si oppgåve å sikra at handsaminga av personopplysningar skjer i tråd med gjeldande personopplysningslov.
Hardanger Energi Breiband AS er behandlingsansvarleg for handsaminga av personopplysningane dine.
Når du registrerer deg via eit skjema eller bestiller eit varer, kan du bli beden om å gje frå deg informasjon. Avhengig av situasjonen kan me eventuelt be om følgjande personopplysningar:
Me legg til grunn legitimt samtykke i tråd med Paragraf 6f i personvernlova. Har du inngått eit kundeforhold med oss tidlegare, eller du er ein ny kunde, vil dette vera ein legitim grunn til å senda deg informasjon. Dette vert sidestilt med eit samtykke i samsvar med marknadsføringslova slik lova har vore i Noreg i mange år. Du kan når som helst trekkja samtykket til at me skal handsama dine personopplysningar. Trekkjer du tilbake samtykket, vil me sletta opplysningane me har om deg. Merk at dette kan endra evna vår til å kontakta deg med relevant informasjon, levera tenester, og det kan påverka pågåande dialog.
Når du samtykkjer til at me handsamar personopplysningane dine, godtek du òg at me kan registrera andre opplysningar om deg som du har gjeve oss tidlegare. Basert på offentleg tilgjengeleg informasjon kan me òg supplera dei registrerte opplysningane med bransje og ytterlegare kontaktinformasjon. Er du kunde hjå oss, kan me i tillegg leggja til ytterlegare kontaktinformasjon til opplysningane du har registrert hjå oss, via til dømes telefon. Opplysningar som er nødvendige for dei tenestene du skal bruka, vil også bli lagra.
Me kan be om personopplysningar for å:
Når du samtykkjer til at me handsamar personopplysningane dine i samsvar med føremåla nemnde ovanfor, samtykkjer du til følgjande:
Me handsamar personopplysningane berre så lenge det tek å oppfylla grunnen til innsamlinga, deretter slettar me informasjonen.
Har du ein aktiv dialog med oss, tek me vare på opplysningane dine i 2 år frå den siste kontakten; deretter fjernar me opplysningane me har om deg. Ein aktiv dialog blir definert som at du har registrert ein brukarprofil, interaksjon via telefon eller e-post eller har kjøpt eit produkt av oss dei siste 2 åra.
Har du samtykka til handsaming av personopplysningane når du takka ja til regelmessige e-postar, handsamar me personopplysningane til du avsluttar abonnementet ditt. Deretter lagrar me personopplysningane dine i inntil 2 år før me slettar informasjonen.
Oppgjevne opplysningar vil vera tilgjengelege berre for personar som nyttar opplysningane i tråd med personvernfråsegna i verksemda .
Me sel ikkje personopplysningane dine til tredjepart. Dersom det pågår ein sals- eller kundedialog mellom deg, oss og nokon av våre samarbeidspartnarar, deler me informasjon som:
Dersom me har registrert opplysningane dine i samband med ei hending som vert utført saman med ein ekstern part, kan me overføra personopplysningar i kategoriane nemnt over, i tillegg til eventuelle svar på ytterlegare skjema- eller utfyllande spørsmål.
Opplysningane blir oppbevarte av Hardanger Energi AS i kundesystemet vårt.
Du har rett til å få informasjon om kva opplysningar me har om deg. Du kan også krevja at me rettar opp i feilaktige opplysningar eller slettar informasjonen din. Ynskjer du å trekkja tilbake samtykket ditt eller krevja å få oversikt over opplysningar, retting eller sletting, kontaktar du oss på e-postadressa nemnt under avsnittet for kontaktinformasjon. For å motta slik info må du signera tilsendt skjema frå oss.
Dersom me skal bruka personopplysningane til eit anna føremål enn det dei vart samla inn for, inntrer informasjonsplikta på nytt, og me må då opplysa kva det nye føremålet er og gje delar av informasjonen ovenfor på nytt.
Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som blir plasserte på din datamaskin når du lastar ned ei nettside. Lagring av opplysningar og handsaming av desse opplysningane er ikkje tillate med mindre brukaren både har blitt informert om og har gitt sitt samtykke til handsaminga. Brukaren skal få vita om og godkjenna kva opplysningar som blir handsama, kva føremålet med handsaminga er, og kven som handsamar opplysningane. Me brukar berre informasjonskapslar for å gje deg ei betre brukaroppleving nettsidene våre, bl. a. ved at du slepp å fylla inn felt på nytt.
Relevante opplysningar som kjem fram i telefonsamtalar og e-postutveksling i kundebehandling og dagleg arbeid, kan bli registrert i kundesystemet. Me brukar i tillegg e-post i vanleg dialog med interne og eksterne kontaktar. Den enkelte medarbeidar er ansvarleg for å sletta meldingar som ikkje lenger er aktuelle. Ved avslutta arbeidsforhold vert e-postkontoane sletta, men enkelte relevante e-postar kan bli overførte til kollegaer. Sensitive personopplysningar skal ikkje sendast med e-post. Vanleg e-post er ukryptert og skal ikkje brukast til å senda opplysningar med teieplikt, sensitive eller andre fortrulege opplysningar.
Velkomen til nettsida vår!
Denne nettsida brukar berre nødvendige informasjonskapslar for å sikra optimal funksjonalitet og brukaroppleving. Informasjonskapslar er små tekstfiler som vert lagra i nettlesaren din når du besøkjer nettsida vår. Desse informasjonskapslane er heilt nødvendige for at nettsida skal fungere og kan ikkje deaktiverast.
Ved å halda fram med å bruka nettsida vår, samtykkjer du i bruken av desse funksjonelle informasjonskapslane. Me lagrar ikkje personleg identifiserbar informasjon gjennom desse informasjonskapslane, og dei vert berre brukt til å sikre at nettsida fungerer som den skal.
Om du ønskjer å deaktivera informasjonskapslar, kan du gjera dette i nettlesarinnstillingane dine. Merk at om du vel å deaktivera informasjonskapslar, kan enkelte delar av nettsida fungere annleis enn forventa.
Me respekterer personvernet ditt og er forplikta til å sikra at dine personlege data er beskytta. For meir informasjon om korleis me handterer personleg informasjon, ver venleg å sjå personvernfråsegna vår.
Takk for at du besøkjer nettsida vår. Om du har spørsmål eller bekymringar som gjeld informasjonskapslar eller personvern, ver venleg å ta kontakt.
Helsing Hardanger Energi Breiband AS