TV 2 sine kanalar og strøymetenester er ikkje tilgjengelege på Telia Play.
Featured

TV 2 sine kanalar og strøymetenester er ikkje tilgjengelege på Telia Play.

Telia og TV 2 er igjen i dialog, men det ser dessverre ikkje ut til at ei semje er nært føreståande. Det kan derfor ta noko meir tid før TV 2 sine tenester eventuelt vert tilgjengelege igjen.
 
Inn til ny avtale er på plass, vil Telia som kompensasjon automatisk leggja til 50 poeng på abonnementet ditt, som du kan nytta til å velja andre kanalar eller strøymetenester. Vil du vita meir om kva du kan få for dei 50 poenga, anbefale me dykk å sjå her: https://www.telia.no/tv/innholdsoversikt/bruk-tv-poeng/

Kundar som ønskjer det, kan framleis få tilgang til TV 2, men då må dei oppretta eit eige abonnement på strøymetenesta TV 2 Play. play.tv2.no/pakker

Du kan bruka TV 2 Play-appen direkte på din Telia-boks, dersom du har eit eige TV 2 Play-abonnement. Merk at TV 2 Play ikkje vil vere tilgjengeleg via Telia Play-appen. 

Telia tilbyr òg sine direktekundar å byta desse 50 poenga mot ein prisreduksjon tilsvarande eit TV 2 Play-abonnement, men dette er dessverre ikkje eit alternativ for kundar som har Telia gjennom oss som partnar.

Me beklagar situasjonen. Telia ønskjer å koma til semje med TV 2 om ein berekraftig avtale som sikrar kundane våre valfridom og tilgang til det innhaldet dei ønskjer å sjå. Me håpar difor på ei snarleg og god løysing for dykk som kundar.