Me byggjer fiber!
Featured

Me byggjer fiber!

Hardanger Energi Breiband er svært glade for å kunngjera at med byggjer ut fiber mange plassar i destriktet.

Me investerer i nærområda våre og byggjer fiber i full fart!

Hardanger Energi Breiband arbeider med mange store og små prosjekt i distriktet for å byggja ut fiber, og me har auka tempoet og ambisjonane for fiberutbygging betydeleg dei siste åra.

Per dags dato arbeider me med å byggja fiber mellom anna i Folkedal, Erdal, Blesterflå, Frøynes, Lutro og Bu. I tillegg jobbar me for å kopla på flest mogleg kundar i område der me allereie har fiber i nærleiken.

I alle område der me byggjer fiber, vil me ta kontakt med alle husstandar og hytter for å tilby tilkopling. Dette gjeld både eksisterande og nye kundar. Dersom du ikkje allereie er kontakta, vil me nå ut til deg når det nærmar seg.

Me jobbar målretta for å kopla flest mogleg kundar til fiber, med fokus på å utvida dekninga i vårt område på best mogleg vis. Dette gjer me samstundes som me aukar kapasiteten for dei som har radioløysing ei stund til. Regjeringa sitt mål om at alle i Noreg skal ha gigabit-fart innan 2030 er ambisiøst, men me meiner me allereie er på rett veg med vårt arbeid. Me i Hardanger Energi Breiband vil halda fram i 2025 med nye utbyggingsprosjekt for å sikra fiber til enda fleire husstandar og hytter.